–> på svenska


Motstandsmenner i Jamtland

av Bo Oscarsson, umsett av Paul Sandøy

I kampen mot den svenske åtaksmakti, steig det fram fleire jamtske motstandsmenner. Dei fleste av desse veit me i dag ikkje namnet på og kven dei elles var. Nokre veit ettertidi likevel um, just av di dei vart uppdaga, fengsla, pinte, dømde og ved fleire høve avretta.

Alt under hersetjingi i 1563 og dinæst frå 1564 - 1570 veit me um sivil ulydnad mot den svenske okkupasjonsmakti.

Ol Gundersson Jon vart pint og til slutt skoten av svenskane av di han ikkje ville fortelja kvar foreldri og dei andre bygdefolki hadde gøymd seg sjølve, forrådet sitt og buskapen sin då den svenske hæren gjekk inn i bygdi Nedrehaugen sud i Jamtland i 1611.

Me veit ikkje um væpna motstand før i 1644, då jamtane valde sida og slost ope saman med nordmennene mot svenskane for å fri Jamtland frå den svenske underleggjingi.

Motstandsmennene i Mørsil i 1644 fortener serskild umtale. Dei lurte dei svenske troppane ut or skansen i Mørsil til fest på ein gard i By. Dei forlot festen då han var på høgdi, og gav teikn til dei norske troppane um å gå inn. Det flaut mykje blod på denne festen. Ingen svensk soldat fekk grid i "Mørsils gjestebod".

So kom den ulukkelege freden i Brømsebro i 1645, då den dansk-norske kongen "selde" oss i byte mot Skåne. Motstandet glødde likefullt, og i 1655 braut det ut upprør i sju tingslag i Jamtland. Me veit ikkje fullt ut kva som hende, etter di ingen enno har granska hendingane. Men me veit at Per i Dale, Andersøyi, vart dømd saman med seks andre motstandsmenner for å ha møttest i løynd i Sunne under upprøret.

Då dei dansk-norske troppane dreiv svenskane ut i 1657, vart dei fagna som frigjerarar, og dei fekk synberr stønad av motstandsmennene. Det fekk fylgjor, av di dei svenske prestane fekk vera att. Då Beltet fraus og svenskane fekk overtaket på Danmark, vart den dansk-norske kongen tvungen til å gjeva frå seg Jatmland. Med det kom dei svenske tystarane fram. Ein av dei var Olaf Rahm, kappelanen i Ragunda. Han melde soknepresten og verfar sin, Hans Nielsen Berg, som vart dømd og avsett i 1658.

Det sivile motstandet heldt fram. Nidsongar vart sungne i smug der jamtane møttest. Me kjenner ei av desse visone, dikta i 1677 av bondesonen Fastesson frå Rossbol i Lokne.

Frigjerinigi i 1677 varde ikkje lenge. Svenskane kom attende, og som i 1658 yrde kakkerlakkane fram og melde motstandsmennene. Trettan jamtar vart dømde til døden. Ti av desse greidde å røma med hjelp frå andre motstandsmenner i Brøklingebygdi utanfor Brekke. Tri jamtar klarte seg likevel diverre ikkje. Dei vart halshogne på Tibrandsholm. Desse var; Isak Ingmarsson i Bispegarden, Brodde Larsson i Bakken og Jøns Erikson Smed i Månsåsen. Dei vart dømde den 3. mai 1678, og vart avretta den 27. mai i 1678. Då vart ogso Olof Rahm, soknepresten i Ragunda avretta som jamtsk motstandsmann. Det var han som tjuge år i fyrevegen hadde meld verfaren sin til svenskane. Anten hadde han no gjenge over til den andre sida. Eller so var han dømd utan skuld etter falske vitneutsegner frå motstandsmenner som hadde friskt i hug korleis han før hadde fare fram.

Tjugetvo år etter dette ofra Mårten Jønsson livet sitt i motstandskampen.
Han var bonde i Føllinge. Han stod fram som ein trugen svensk undersått, men i løynd samla han upplysningar um stillingi til den svenske okkupasjonshæren i Jamtland. Desse gav han vidare til norske etterrettingsmenn. Føllinge låg høveleg til slik, etter di vegen til Noreg var kort.

Alt gjekk skeis for Mårten ein gong, og difor kjenner me denne soga frå rettsbøkene.

Tvo nordmenner skulle møta Mårten i løynd for å få upplysningar om upprustingi på den svenske sida. Dei tvo var brørne Gøran og Elias Tommason frå Snåsa. Dekkhistoria deira var at dei var på fisketur. Dei rodde med båt til sudenden av Hotagsjøen. Derifrå tok dei seg fram til Føllinge til fots og kom til Mårtens gard.

Medan dei var inne hjå Mårten, slumpa det til at den halvvaksne sonen i grannegarden kom inn dit medan dei sat der. Mårten skjøna at slik det no var, var det ikkje råd å tegja um denne gjestingi frå Noreg. No laut han finna på ei boteråd, og det brennkvikt. Den svenske okkupasjonsmakti hadde nemleg forbode all umgang med nordmenner for jamtane i grensestroki. Difor valde no Mårten å spela med so opne kort som råd var og sende nordmennene til tolvmannen i Føllinge, Lars Persson. Der skulde dei melda frå um at dei vilde kjøpa ljår og betala ei gamal gjeld.

Endå um han hadde eit slikt umbod for den svenske okkupasjonsmakti, var Lars Persson motstandsmann. Han hadde fleire gonger før teki imot norske etterrettingsmenn. Han var med andre ord dobbelagent.

Jamvel um nordmennene heldt fram dei offisielle ærendi sine, vart dei tekne til fange og førde til Andersøyi, der svenskane hadde ein fangekjellar. Kva som hende der veit me ikkje, anna enn at dei vart pinte på verst tenkjeleg vis, og det so hardt at dei avslørte Mårten. Imedan fortalde dei ikkje noko um Lars Persson. Kan henda visste dei ikkje at han var dobbelagent?

Slik gjekk det då til at Mårten vart fengsla og pint so han fortalde svenskane um venen og motstandsmannen Lars Persson.

Lars hadde som ein tokke um kva som skulle koma til å henda og planla difor å røma. Men for å kunna fara i frå garden sin utan at nokon merka det, vilde han røma på ein sundag. Sundagane skulle nemleg han som alle andre fara til kyrkja og det var då råd å dra i veg utan at det verka rart. Påbodet um å møta i kyrkja sundagane gjorde at han valde å venta til etter gudstenesta. Rett etter denne la han så i veg mot stølane. Kona og borna fylgde etter seinare for at ingen skulle merka noko.
Lensmannen i Føllinge hadde mistenkt Lars og fekk no høyra av nokre tystarar at han hadde flydd til stølane. Han gav so nokre bønder ordre om å taka upp jakten. Lars vart gripen og førd til Mattmar.

Etter piningi vakna Mårten upp til ein grufull røyndom. Han hadde sviki sin ven og bror i motstandsrørsla, dobbelagenten Lars Persson. Begge visste no at svenskane kom til å avretta dei. Dei hugsa godt dei jamtane som vart halshogne på Tibrandsholm 22 år tidlegare.

So førdest Mårten og Lars i tunge fotjarn frå Mattmar til landsfengslet på Frøysøyi. Ved Ytteråi måtte dei i båt for å koma over.
Kva Mårten tenkte no, veit me ikkje just. Men det er nok ikkje utenkjeleg at han no såg sitt snitt til å letta på samvitet andsynes venen sin Lars og samstundes snyta svenskane for "rettferdi" si. Kor som er - midt ute på Ytteråi greidde han å kasta seg over relingen, og søkkte rett til botns. Fotjarna var tunge. Difor greidde ikkje svenskane å få han upp før han drukna og døydde. Dei drog han upp på strandi, og for at ingen skulle fara i veg med liket, dreiv dei ein påle gjennom kroppen hans og ned i grunnen. Der låg han til den svenske bøddelen langt um lenge kom frå Gevle. Sterkt upprotna i sumarvarmen, grov han Mårten ned i skogen ved Ytteråi just som ein gjer med eit sjølvdauda dyr.
Der ligg Mårten den dag i dag, dersom då ikkje einkvan motstandsmann eller eikor motstandskvinna grov leivningane hans upp i løynd og førte dei til kyrkjegarden. Dersom leivningane til Mårten Jønsson vert funnen ein gong, bør det reisast ein minnestein yver den siste kvilestanden til denne falne, jamtske motstandsmannen.

Korleis det gjekk med Lars Persson?
Rettssaki vart haldi i Lit den 25. juni 1700. Til stades var tvo svenske offiserar og sjølvaste landshovdingen von Schaar. Lars kunde no leggja all skuld over på Mårten. Slik kunde Mårten postumt hjelpa motstandsvenen sin, som han hadde avslørt etter å ha vorten pint. Lars vart likefullt dømd til døden og attåt frådømd gods og gard. Hovretten mildna dødsdomen til tri gatlopp (spissrot). Mårten hadde ikkje ofra livet sitt for inkjes.

I dagsens sogeskriving um jamtland vert desse motstandsmennene kalla "svikarar". Det er ein stor skam mot våre forfedrar.
I Quslings Noreg var motstandsmenner også "svikarar". Til alt hell gjekk det slik til at desse i staden vart heltar. Qusling måtte bøta med livet som landssvikar i den rette tydingi av ordet. Dei jamtske motstandsmennene sveik aldri sitt eige land Jamtland. Dei fortener difor å verta hylla som heltar i sogeskrivingi vår. Det må verta ein slutt på den einøygde svenske framstellingi av Jamtlandssoga.

© Bo Oscarsson / Paul Sandøy


Eventuella synpunkter på 'umsetjinga' kan sändas till Bo Oscarsson eller Paul Sandøy


Minnestavla över jamtsk motståndsman

Motståndsmannen Ol Gundersson Jons minnesmärke i Nederhögen, Rätan.
På bilden framlidne hembygdsforskaren Nils Sundqvist,
som bevarat traderingen om Ol Gundersson Jons livsöde.
Foto Bo Oscarsson


Not. Artikeln publicerad i tidskriften 'Vestmannen', nr. 7,sid. 12f, Bergen 20 september 2000

Källor:
Jämten 1977, sid.59ff
Janrik Bromé, Jämten 1958, sid.33
Janrik Bromé, Jämtland/Härjedalens historia III, sid. 122ff, 438 ff, 484 ff
Jämtlands Domböcker år 1700 II s.267, Landsarkivet Östersund


Till artikeln om Upproret i Jamtland 1655
Till Jamtlands historia

Till Jamtamots sida "Motståndsmän"